M/B Havlyn (H 76 B)

Andre navn
Havbryn
Klasse
Kutter i tre
Nasjonalitet
Norge flaggNorge

Verft

Navn
Byggeår
1912

Tonnasje

Maskin/motor

Maskin-/motortype:
Maskin-/motor ytelse:
Wichmann 20 HK (fra 1927)
Bygget av:
Wichmann Motorfabrikk, Rubbestadneset

Dimensjoner

Lengde:
49,9 fot
Bredde:
13,8 fot
Dypgående:
5,8 fot
  • Historikk:

    Englandsfarten

    Dro fra Brandasund den 19. oktober 1940 med 4 personer om bord. Ankom Lerwick, Shetland den 20. oktober.

    Privat arkiv:

    "HAVBRYN sin fyrste kjende eigar var P/R S. K. Slettebø, Rovde, som åtte fartøyet frå 1926 til 1934. Då kjøpte Lindemann, Kristoffer og Tommas Hollund. Frå 28. januar 1936 tok Kristoffer over som hovudeigar.

    Medan HAVBRYN var heimehøyrande i Bremnes dreiv den tradisjonelt fiske om vintrane, det vil sei stor- og vårsildfiske, og elles fiske med garn og liner på kysten. Noko fraktefart i nærområdet vart det også.

    I 1941 var kutteren seld til Bjarne Solhaug i Sveio, men kom ikkje i merkeregisteret der. Ei påteikning hos merkelovas tilsynsmann i Bremnes om at tilsynsmannen i Sveio hadde meld at kjøparen var ukjent der, kan tyda på at båten var tiltenkt brukt til illegal verksemd, til dømes Englandsfarten. Den teorien vert styrka når ein i Ragnar Ulstein si bok om Englandsfararar kan lesa at "M/T HAVLYN H-76-B" drog frå Brandasund til Shetland den 20. oktober 1940. Den kjende motstandsmannen Bernhard Håvardsholm organiserte den ferda. Dette var nok grunnen til at salet av kutteren var litt diffust. Om fartøyet kom heim att etter krigen, er ikkje kjendt".