Informasjonen om registrerte krigsseilere er ikke nødvendigvis fullstendig. Eksempelvis vil mønstringer og utmerkelser for enkelte sjøfolk bli registrert senere, ettersom nye kilder blir gjennomgått.
NorgeLondonregisteret:
Registernummer under krigen: London 44255.
Frivillig fra Misje, ankom London 8. november 1941. 14. februar 1942, Den norske hæren. 6. mai 1942, til Den norske marine.
Minne frå krigsåra, 1940-45. Intervju med misjefolk, s. 52-58:
"Vi fekk i oppdrag å gå vakt frå Siverten sitt naust nord på Klubben, til vakthytta i Pino. Dei delte ut felttelefonar til oss. Vår oppgåve var å leggja merke til kva som gjekk føre seg i området. Kom det båtar inn? Var her nokon form for sabotasje? Klart vi fekk greie på ein god del då vi lytta på samtalane. Det var mykje trafikk på linjene. Etter eit par dagar reiste, eller truleg rømde det norske vaktmannskapet frå Pino.
Det gjekk rykte om at alle som var innkalla til militærtenesta skulle inn i Arbeidstenesta. Det var fare for at ein kom til å kjempa for tyskarane. Var det noko eg ikkje ville, så var det det. Etter ei stund fekk vi greie på at Bjarne Åse og Normann Fjæreide hadde mist livet. Dei var marinesoldatar om bord på eit av krigsskipa Eidsvoll elle Norge. Desse vart senka av tyskarane ved Narvik 9. eller 10. april. Vi fekk høyra at tyske offiserar hadde vore om bord i dei to norske båtane å forhandla. Knapt var dei komne attende til sine eigne skip, før dei sende torpedoar mot Eidsvoll og Norge. Båe skipa sokk. Det gjekk inn på meg!
Ut over sommaren 1941 snakka vi ungdomane ofte om kva vi skulle gjera. Laurdag, ei veke før bededag, bestemte vi oss. Vi skulle ta oss over til England! Nokre av oss arbeidde om bord på M/S Diamant I H 245 H. Vanlegvis kalla Diamanten. Vi avgjorde at vi ville bruka båten til å gå over til Shetland med.
I reisefølgje var: Bjarne Brynjelsen Misje, 16 år. Michael Sigurd Misje, 18 år. Jonas Pedersen Misje, 19 år. Johannes M. Misje, 22 år. Anton Brynjelsen Misje, 24 år. Malvin Mikkelsen Misje, 26 år. Elias Jensen, 29 år. Anton Mikkelsen Misje, 30 år. Kristoffer Brynjelsen Misje var berre 14 år og fekk ikkje vera med.
Anton Mikkelsen Misje var skipper om bord på Jim, og han hadde fleire gonger vore over til Tyskland med sild. Anton skulle vera skipper på overfarten til Shetland. No hadde det seg slik at nokre av oss var i Bergen med Diamanten den dagen vi skulle reisa. Det var laurdag 1. november 1941. Vi bunkra godt, og på veg utover Byfjorden korrigerte vi kursen. Vi brukte Kvarven og Skjæret like sør for Askøy til overettmerke. Vel framme på Misje la vi til kai utanfor butikken. Til ballast tok vi om bord salt sild. Så bar vi om bord nokre kassar hermetikk, og litt proviant, - og sjølvsagt etterfyllet vi drivstofftankane. Så var det å venta til kvelden kom. I ni-ti tida om kvelden la vi frå kai. Eg syntest å hugsa at det var møtt fram ein del folk på kaien og at ein av fedrelandssalmane våre vart sunge.
Været var fint. Vi var oppom Vikalandet for å henta eit par – tre karar lenger nord frå. Dei kom ikkje. Så for vi innom Turøy. Der skulle vi henta Mathias Turøy. Han som seinare vart kyrkjelystenar i Landro kyrkje. På Turøy var det mykje folk på kaien. Eg hugsar godt då dei stemde i ”Ja, vi elsker dette landet..” Været var som sagt framifrå, blikande stilt med måneskin. Og kursen stemde på Lerwick. Eg tenkte på dei heime. Eg hadde sagt frå til far at eg skulle reisa, men eg trur ikkje han tok det på alvor.
I allfall hadde han ikkje møtt fram på kaien. Men Sigurdonkel, bror til far var der. Då vi var ti-tjue nautiske mil frå Lerwick, tok han til å ruska seg litt sjø. Eit stykke før vi kom til Shetland, sirkla det eit fly over oss. Truleg var det eit engelsk rekognoseringsfly. Neste kveld i ti-elleve tida var vi framme. Eg kan ikkje hugsa om fyra langs Shetlandskysten var sløkte, men vi sende opp eit lyssignal. Ut kom ein vaktbåt med marinegastar. Det var forresten ein trålar. Anton Mikkelsen forlanga los/pilot. Dermed følgde vi etter til lands.
Vi vart sende til ein base eller samlingsplass i Lerwick. Eg kan ikkje heilt hugsa om ein eller fleire av oss vart att som vakt om bord i båten. Så vart vi innlosjerte på ein gamal skule eller eit hotell. Der var det alt komne mange frå Noreg. Fjedlamannen var komne, også Leif og Karl Larsen. Elles hugsar eg at Nils Kristian frå Kolltveit var der. Dei var komne over med Sjøglimt, som høyrde heime på Hitsøy. Første kvelden fekk vi kveitebrød og te. Det var noko anna enn det blandingsbrødet vi var vane med. Vi vart verande der nokre dagar. Så bar det i veg til Inverness i Skottland. Vi vart frakta på ei ferje. Ferja gjekk vanlegvis mellom England og Frankrike, men vart no brukt som troppetransportbåt. Der fekk vi mat, og så bar det vidare med jernbane til London. I London tok vi inn i eit svært bygg, ein skule dei kalla ”Sing Sing”. Det var eit klengenamn etter som eg forstod. Folk frå mange nasjonar så ut til å vera der. Folk med ulik hudfarge. Dei stal som ramnar! Klokker, såper og mykje anna. I den veka vi var der, vart vi forhøyrde. Ein etter ein. Dei ville finna ut om nokon av oss var nazistar. Det var og svært viktig for dei å få vita mest mogeleg om heimtraktene våre. Var det mange soldatar? Kvar hadde tyskarane kontrollpostar? Ferdast det mange og uvanlege skip der? Fleire nazistar vart oppdaga på denne måten. Vi vart sende til eit hotell like utanfor London. Namnet var County Hotell. Eg hugsa at det var ei norsk jente som arbeidde der, men namnet på henne er borte.
Medan vi var der, vart vi spurde om kva vi kunne tenkja oss å arbeida med. Ikkje veit eg kva grunnlag dei hadde for å senda oss her eller der. Alle som tok seg over med Diamanten, unnateke Michael Misje, kom med i kaptein Lingekompaniet. Så bar det av stad til eit jaktslott i Skottland. Eg meiner det var i nærleiken av Dundee og heitte Dromental. Der fekk vi opplæring.
Eg hugsar at sjølvaste kaptein Linge besøkte oss. I førstninga dreiv vi helst med å servera mat. På den tida var det to raid til Noreg. Eit til Måløy og eit til Reine i Lofoten. Vi karane hadde fått lite trening og opplæring og kunne ikkje vera med. Derfor vart vi truleg sette til matservering.
På den tida syntes det å oppstå litt ”trøbbel” mellom norske og engelske offiserar. Den norske forsvarsministeren Torp ga grei beskjed om at Noreg skulle ha alle opplysningar om raid til Noreg før dei vart sette i gang. Berre dersom den norske regjeringa hadde godteke dei, skulle dei gjennomførast. Det vart full stogg i raida ei tid framover.
Eg søkte marinen, for det var der eg ville. Ein dag kom den norske kapteinen som gav oss opplæring med eit brev. ”Ta brevet med deg og reis til London. Gå på kontoret til overkommandoen i Det norske sjøforsvaret og lever dette. Ikkje vis det til nokon. Og for all del, ikkje miss det!” Brevet vart trygt overlevert frå meg.
Medan eg var i London, fekk eg ordre om å reisa til Liverpool og utdanna meg til asticoperatør. Vi skulle læra å søkja etter ubåtar. Det var ein fordel at eg hadde litt greie på musikk. Særleg viktig var toneskalaen. At ein høyrde skilnad frå lav C til høg C. Kom ein ubåt mot deg gjekk det mot høg C, frå deg mot lav. Gjekk ubåten i andre retningar kunne ein høyra alle andre variantar mellom desse to ytterpunkta. Astic var noko nytt på den tida. Folk frå mange nasjonar gjekk på kurset. Eg var svært imponert over medelevane mine under eksamen. Til prøvebåt nytta vi ein gamal norsk ubåt, B 1. Vi andre fekk følgja med når ein medelev vart testa. Alle stod med glans. Eg syntest asdickurset var svært interessant! Kurset gjekk føre seg i mai – juni 1942.
Etter å ha avslutta kurset, vart eg beordra om bord i eskortefartøyet Risør. Det var ein ombygd norsk kvalbåt. Båten var stasjonert i Torshavn på Færøyane. Ofte hadde vi passasjerar med. Det var helst sjukt militært personell som skulle heim. Innimellom eskorterte vi konvoiar på ein 10 – 20 skip til Island. Desse båtane skulle vidare til Russland. På slike turar var det fleire eskortebåtar med. Vanlegvis var det ein destroyar eller korvett fremst i konvoien. Likevel var det ikkje lett å hindra åtak frå tyske ubåtar. Stundom bruka dei ”ulveflokktaktikken”. Då kom det 10-15 ubåtar i flokk, og prøvde å trengja seg inn i konvoien. Greidde ubåtane først å koma seg inn, herja dei vilt. Vi kunne ikkje avgjerda kven sitt ekko vi høyrde. Kom det frå våre båtar eller fienden sine?
Folk på Færøyane var uvanleg gjestfrie, særleg mot oss nordmenn. Vi vart tekne mot med opne armar. Då var ikkje danskane like velkomne. Dette hadde vel med historia å gjera, tenkjer eg. Fleire nordmenn skaffa seg familie der. Også nokre som alt hadde kone og born i Noreg. Jula 1942 låg vi i Torshavn. Meininga var at vi skulle ha fri frå julaftan til 2. juledag. Halve mannskapet hadde landlov, resten var
Om bord. Då kom det melding frå kommandosentralen på Torshavn om at ein norsk tankbåt var torpedert ein 40-50 nautiske mil vest av Færøyane. Når nokon hadde landlov, og båten måtte ut i ein fart, skulle det dragast i fløyta. Då var avtalen at mannskapet måtte om bord med ein gong. Dette vart gjort, men det var ikkje mange sjeler som kom om bord denne julekvelden. Dei hadde ikkje høyrt noko, sa dei seinare. Skulle vi tru det? Berre halve mannskapet var komne då vi drog. Særleg var det få kokekyndige. Minefelta var dårleg merka, og vi hadde store vanskar med å koma oss ut. Likevel kom vi vel fram til havaristen, Vatnafjell. Halvparten var sokken i havet, resten flaut. Der stod det folk, frosne og forkomne. Vi fekk dei om bord. Deretter var det å venta på slepebåt som skulle ta havaristen inn til land. Ein av dei som vart redda den gongen var frå Fromreide på Askøy. Etter ei stund fann vi ut at han var søskenbarnet til Anton og Malvin M. Misje. Dette vart seinare stadfesta av slektningane hans heime på Misje.
Etter kvart vart det rutine å eskortera. Om vi søkkte nokon ubåt veit eg ikkje. Vi meinte vi trefte ein i nærleiken av Aberdeen og at han sokk. Seinare fekk vi likevel høyra at det låg eit vrak der frå før. I 1944 måtte vi eskortera rutebåten som trafikkerte på Shetland og Aberdeen. Då gjekk vi alltid med full fart. Vêret kunne vera fælt, oftast var det svært sure turar. Ein annan geskjeft vi hadde var å slepa MTB-ane, torpedobåtane til norskekysten. Desse båtane hadde så små tankar at dei først kunne setja motorane i gong innunder norskekysten. Elles ville dei ha for knapt med brennstoff til å koma seg attende. Siste turen fekk vi særs dårleg vêr, særleg utanfor Mørekysten. Vi hadde ein engelsk og ein norsk MTB-båt på slep. Båe hadde kommandosoldatar om bord. I uvêret om natta gjekk den eine sleparen. Avtalen var at MTB-ane skulle sleppa dersom sleparen rauk. Det gløymde engelskmannen, sette maskina i gong og fekk sleparen i propellen. Båten hadde sakser rundt propellane, men også desse gløymde dei å bruka. Den norske MTB-en sleppte og gjekk inn til Noreg. Den engelske hadde eine propellen intakt og valde å gå attende saman med oss. Det var ei lukke. For på attendeturen vart vi utsette for tysk luftangrep. Det var godt antiluftverskyts på MTB-en, så vi kom vel frå angrepet. Før vi var komne attende til Lerwick, var den norske MTB-en vi sleppte utanfor norskekysten komen. Dei hadde senka fleire tyske handelsskip ved Folla.
Den einaste permisjonen eg hadde var då vi hadde kjelesjau om bord. Det var kvar 6. månad. Då hadde vi fri i ei til to veker, halve mannskapet om gongen. Nokre av mannskapet kom ikkje lenger enn til havnekneipane. Men dei fleste av oss for på turar. Eg hugsar første gongen vi kom til London. Vi stod på Picadelly Cirkus som var det store trafikknutepunktet. Alt var så stort og uvant. Vi hadde vanskar med å orientera oss. Ikkje kunne vi så mykje engelsk heller. Men vi brukte fingerspråket flittig. Seinare vart vi meir kjende.
Eg hugsar godt ein tur vi hadde til London i 1942. Det var storbombing av London medan vi var der. Mykje folk heldt til i undregrunnsgangane. Dei låg overalt. Den gongen reiste eg saman med ein kar frå Hardanger som heitte Risa. Vi kom lett i kontakt med engelske og særleg skotske ungdomar. Den gongen var vi med nokre ungdomar til Nottingham. Faren i familien vi vart buande hos var produksjonssjef på ein fabrikk som produserte tanks. Det var ikkje så vanleg med utlendingar i Nottingham. Vi to lyshåringane vart tekne med på omvisning i fabrikken. I fine marineklede med Norway på armen, var vi populære gjestar. Ja, vi vart beit fram ”borne på hullhender”. Ikkje skulle vi betala korkje for mat eller drikke, same om det var heime eller ute på pub. Vi vart verande der i fire-fem dagar.
Elles kan eg hugsa eg vart med til ein heim i Aberdeen. Faren der i huset hadde vore med i førre verdskrig. Han sat framfor peisen og kosa seg med ølglaset sitt då eg kom inn. Dette var uvant for meg. På veggane hang det sverd og bajonettar. Han kjende godt til historia om vikingane. Der i heimen var dei katolikkar. Nett før eg skulle gå, la han handa på hovudet mitt og velsigna meg. ”Det skal gå deg godt,” sa han. Slikt gjorde inntrykk!
Ikkje mange dagane etter at vi kom over til England, sende vi brev heim gjennom Raudekrossen. Det gjekk via Sveits, men om det kom fram, veit eg ikkje. Elles høyrde eg ikkje noko frå far og sysken på heile den tida eg var heimanfrå.
Eg hugsar at då vi var under opplæring i kaptein Lingekompaniet, vart det lagt vekt på å syngja norske songar. Særleg når vi marsjerte. I tillegg las vi den norske avisa, Nordisk Tidende, som kom ut der borte.
Hausten 1944 fekk vi ordre om å eskortera konvoiar frå Orknøyane til Glasgow og vidare til kanalhamnene på engelsk side. Skipa var fullasta. Vi var mykje mannskap. Sjølvsagt skjønte vi det var noko i emning. Men kva? Det visste vi ikkje. Tyskarane hadde truleg også greie på at noko var i ”gjære”. Undervassbåtane deira var natige. Men eskorten var god. Vi plukka likevel opp nokre polske lik frå ein marinebåt dei greidde å få has på. Eg kan ikkje hugsa at vi var redde. Ofte var vi innom på Scapa Flow. I ein stor hall på eit gamalt krigsskip som låg der, opptredde kjende kunstnarar innan dans, teater, song, musikk m.m. Det var også andre underhaldningsaktivitetar der. Gjennom heile krigstida vart vi tekne godt vare på. God mat, legesjekk osv.
Under sjølve invasjonen i Frankrike låg vår båt ved hovudmarinebasen på Orknøyane. Her var det samla mange eskortefartøy. Tett i tett danna båtane ein ring rundt basen. Etter D-dagen eskorterte vi rutebåten frå Aberdeen til Lerwick på Shetland. Den 8. mai då krigen offisielt var slutt, var vi i Aberdeen. Om kvelden skulle vi gå til Lerwick. Vi hadde ikkje lyst. I Aberdeen var folk i festrus. Alle restaurantar var opne, og det kosta ingenting å fylla opp glasa.
Alle var lauslege på alt. Rundt gatestolpane hang dokker av Hitler og dingla. Alle hadde eit svært reip om halsen. Men plikta kalla. Vi gjekk mot Shetland om kvelden.
Då vi kom attende til Aberdeen, fekk vi ordre om å gå ut å møta andre marinebåtar, destroyarar og fregattar. Båtane vart delte inn i to fløyer, venstre og høgre. Så sette vi kursen mot Lindesnes. Venstre fløy, der vi var gjekk til Vestlandet. Høgre fløy gjekk til Austlandet. På Sletta hadde vi eit uhell. Ein av marinebåtane endra kurs og rende i oss. Heldigvis var skadane så høgt oppe på skipssida at vi ikkje tok inn sjø. Vi kunne gå vidare. Om morgonen kom vi inn Langenuen. Det var eit strålande fint vêr. Det er umogeleg å skildra tankane som gjekk gjennom meg då. Då vi passerte Klokkarvik, stod det med store bokstavar på eit hus:
”VELKOMEN TIL NOREG.”
Overalt var det møtt fram folk i småbåtar.
Då vi fekk høyra at vi skulle til Noreg, skunda eg meg i land og kjøpte tobakk og sjokolade i store mengder. Det ville eg ha med meg heim! Eg var ikkje den einaste som hadde den tanken. Eg hugsar godt då vi for gjennom Vatlestraumen. Eg stod bak og helsa med flagget. Folk var elleville. Vi om bord hivde sjokolade og tobakk ned i båtane. Ved Steinen sakka vi på farten. Så vart vi kommanderte til å ta på oss paradeuniformer. Innover Byfjorden var det ”svart” av båtar. Frå båtane strøymde det song og trekkspelmusikk, Ja, til og med korpsmusikk høyrde vi.
Bergen hamn var ei oppleving. Folk strøymde om bord i båten vår for å sjå. Kokken hadde full jobb med å laga lapskaus. Eg hugsar vel nokre Vikajenter som kom om bord. Dei vart trakterte med lapskaus. ”Datta va gøtt,” sa dei.
Ut på dagen fekk vi beskjed om å gå til Marsteinen for å ta imot ein engelsk kryssar. Vi hadde norske og tyske losar med oss. Vi kom attende til Bergen om kvelden. Der var det eit enormt folkeliv. Vi låg ute på Skolten. Noko av det som sit spikra fast i minnet mitt frå den kvelden, var at dei klipte håret av nokre jenter oppe på kaien. Eg lurer meg på om dei ikkje hivde nokre av stakkarane på sjøen og. Dei skulle straffast fordi dei hadde hatt følgje med tyskarar vart vi fortalde. Eg syntest ikkje noko om det. Det var beint fram rått gjort. Dei var berre jentungar. Dei hadde vel vore forelska, slik mange engelske jenter hadde vore i utanlandske soldatar? Ingen av oss om bord i båtane var med på dette. Den 16. og 17. mai gjekk vi parade i bergensgatene. Den 17. mai skaut dei salutt frå Bergenhus. Det var eit nydeleg vêr. Vågen var svart av båtar, pynta med norske flagg og mykje bjørk. Ut på kvelden den 17. mai fann eg meg sjølv ståande ytst på kaianlegga nede i Vågen. Eg såg etter kjende båtar. Var her nokon frå Misje?
Diamanten kom attende til Noreg etter krigen".
Sjøforsvarets londonarkiv:
Antatt i Marinen: 6. mai 1942, som: U.D.M.
Sivil stilling: Fisker.
Sivil utdannelse: Kystskipperskole.
Sertifikater: Kystskippersertif.
Tidligere militærtjeneste: 1941/42 Dumfries 6 mndr.
Dimittert fra Marinen: 14. desember 1945.
"Minne frå krigsåra, 1940-45. Intervju med misjefolk". Marta Lillian Ekerhovd. 1997.
RA/S-2081/F/Fe/Fea/L0076
Sjøforsvarets londonarkiv ved Marinemuseet i Horten: P.20. Kort 311-312.