Mons Martin S. Misje

The information on registered seafarers is not in all cases complete. As new sources are studied, information on engagements and medals etc. will be added to some of the already registered seafarers.

Date of birth

January 24, 1916

Parents

Guri Misje

Gender

Male

Nationality

Norway flaggNorway

Birthplace

Bergen

Place of living

Vestre Vadmyra, 5071 Loddefjord

County

Hordaland/Bergen

Rank

Lettmatros / Matros

Other

  • Participant in WW2
  • Ex gratia-arkivet:

    Registernummer under krigen: London 30522, NY 21755.

    Minne frå krigsåra, 1940-45. Intervju med misjefolk, s. 39-46:

    "Den første båten eg mønstra på var Ada frå Haugesund. Eg mønstra på som lettmatros. Det var ein gamal brunnbåt. Vi gjekk i konvoi mellom England og Canada. I konvoiane var det vanlegvis 50 til 100 skip, fire eller fem etter kvarandre. Vår båt gjekk alltid ytst fordi han var så gamal og fordi han gjekk så seint. Det gjekk ned skip både framom og bakom deg. Du venta berre på at no var det din tur. På kvar overfart gjekk det ned 7 – 8 skip, oftast meir. Særleg i -41 og -42 var det fælt. Det hadde nesten vore ei letta om det hadde vorte slutt.

    Vi gjekk vakter på fire timar og så frivakt. Då var det oftast umogeleg å få sova. Uroa og spenninga i kroppen var for stor. Flesteparten sov med redningsvestar. Beina dingla utanfor køykanten, skoa var på. Endra skipet kurs? Sette det opp eller ned farten? Du rekna med nytt angrep. Så var det å venta på ljosrakettane. Vart dei skotne opp, visste du at tyske ubåtar var komne inn i konvoien. Då var det å koma seg på dekk, dersom du ikkje alt var der. Vart din båt den neste dei senka?

    I nærleiken av England og Island var vi verna av engelske allierte fly. Verst var det utanfor New Foundland. Der gjekk det ned mange handelsskip. [...]

    Alf Lindberg gjekk fleire turar i Stillehavet. Vi lasta i San Fransisco og gjekk mykje på Hawaii og øyane ikring. Å gå med båt i Stillehavet under krigen kunne vera ganske nervepirrande. Den neste øya du kom til, var ho vår eller fienden si? Kva venta deg der? Eg vil seia det slik at krigshandlingane i Stillehavet var vel så råe og brutale som i meir heilege farvatn.

    Ein gong skulle vi til Burma med last, men då hadde japanarane teke landet. Vi måtte lossa i Karachi. 

    På vårparten 1945 kom vi frå Stillehavet til Syd Amerika. Vi gjekk gjennom Panamakanalen og til Charlestown. Der mønstra eg av. Dette var vel ein månad før krigen tok slutt. Så for eg til New York. Eg gjekk innom det norske konsulatet for eitkvart. Eg meinar det var nokre pengar eg meinte eg hadde rett på. Der skulle dei ha mannskap til handelsflåten att. Då stakk eg! Eg var i New York ein heil månad. Men eg visste eg ikkje hadde noko val, eg måtte ut att.

    Ei veke før krigen var slutt gjekk eg om bord i Fernplant. Eg kunne velja om eg ville vera med ein båt som skulle gå turar på Nordishavet eller denne Fernplant som skulle gå mellom Amerika og hamner i Middelhavet. Eg valde det siste. Middelhavsområdet hadde iallfall god temperatur. Då vi var ved Azorene, fekk vi melding om at krigen var slutt. Middelhavet var fullt av miner. Det var ikkje heilt ufarleg å gå der. Eg hugsar vi var i Alexandria, Konstantinopel, Port Said og fastland-Tyrkia. Eg var om bord i båten i 7 månader.

    Det var no slutten av oktober månad og eg hadde lyst til å koma heim til jul. Eg gjekk på konsulatet i New York for å få båt heim. ”Du kan følgja ein kvalbåt,” var svaret. ”Då kjem du ikkje heim til jul,” sa ein kar som stod der. Han hadde vore om bord i desse båtane, så han visste det. Etter eit par dagar fekk eg beskjed om at eg skulle vera med Stavangerfjord heim".

    Sources

    RA/S-3545/G/Gg

    "Minne frå krigsåra, 1940-45. Intervju med misjefolk". Marta Lillian Ekerhovd. 1997.

    RA/S-3545/G/Gi/L0013