M/B Pokal (M 80 HØ)

Kallesignal
LHAF
Rederi
Nasjonalitet
Norge flaggNorge
Hjemmehavn

Annet

  • Deltok i 2. verdenskrig
  • Sivilt skip

Tonnasje

Dødvekt:
7.5'

Maskin/motor

Maskin-/motortype:
Maskin-/motor ytelse:
BHK 40
Bygget av:
Wichmann Motorfabrikk, Rubbestadneset

Dimensjoner

Lengde:
54.5'
Bredde:
15.4'
  • Historikk fra MB «Pokal» – lokalhistoriewiki.no

    MB «Pokal» MB Pokal» M-80-HØ. Kjennesignal:LHAF. Heilt sidan artikkelen om «Pokal» var lagt ut har ein trudd at båten var bygd i Ølve. Ein med båt interesse, Eirik Graue, har leita seg fram til at «Pokal» er bygd hos Edvard Løfalds båtbyggeri på Løfaldstrand i Hardanger. Graue har leitt i alle register, men finn ikkje «Pokal» nemnd nokon stad.

    I Haugesund Dagblad frå 1. september 1930 står det at Løfalds båtbyggeri skulle levere ein båt på 55 fot med 40 hk Wichmann motor til Sunnmør. Her stemmer båtstørelsen og motoren, dertil er båt typa lik slik dei brukte sjå ut. «Pokal» M-80- HØ var bygd for Hans O. Sævik. Medeigarar var Anton S. og Oskar O. Sævik, den siste halvbror til Hans O. Desse to siste vart utløyste midt på 1950 talet. Olav H. Sævik kom inn som medeigar i 1957. Han er son til Hans O. og vart medeigar 16 år gamal.

    Til vanleg var det Hans O. som var skipper på «Pokal». Den fyrste tida før det vart vanleg med kystskipper eksamen vart det halde kurs rundt i kring på skular og bedehus som gav kunnskap for fiskeskipperar og andre. Hans O. hadde gått nokre av desse kursa, so kalla «jordmorkurs». At han var ein dugande skipper er det ikkje tvil om.

    Sonen Olav tok kystskipper eksamen i Ålesund 17 år gammal. Han var yngstemann i kullet og stundom når læraren snakka til han så var det, «du nyfødde». Tydeleg at tonen har vore uformell. Han fekk ikkje papira før han fylte 21 år.

    Begge eigarane var såleis kapable som båtførarar. Då tok sjølivet til for Olav H. og det førte han til eit mangslunge liv på sjøen. Seinare sigla han som skipper på mange slags fartøy – frå Sør Afrika til Amerika. Han har mangt å fortelle så kanskje er det råd å få fatt i litt av den historia også.


    Forlenging:
    I merkeregisteret for 1938 har båten desse måla: 54,5/15,4/7,5 og har 40 hk Wichmann motor. Båten var ombygd i 1937 til 64,8 engelske fot. Det betyr i reine ord ei forlenging, så langt ein finn ut er det gjort i Hardanger.

    «Pokal» var ombygd på Vik Båtbyggeri i Høydalen i 1949 sjå. båtlista for Vik. Båten fekk då rana, utlagd, baug og kryssarhekk. I merkeregisteret for 1958 er måla oppgitt til, 64,0/16,8/8,4. I «Herøybåtar i Hundre år» er lengste lengd oppgitt til 21,6 m. det er 70,9 engelske fot eller 68,8 norske fot. Ved om bygging i 1949 var båten forhøya med to eller tre plankar.

    Dette er ei omfattande ombygging, når båten skal forhøyast så må heile dekket rivast og også skandeksplanken m.m. På innsida, ut med tankane og bjelkevegar og sameleis innreiing i kahytt og lugar. Nokre av spanta doblingspant må få høveleg omskot til den ynskte høgd. Truleg er det eit nytt tømmer på kvart spant som får den nye høgda. På om lag annakvart spant vert det laga plass for rekkestøtter. Når forarbeidet er klart skal det leggast ny, Hud og dekk og mange små detaljar skrivaren ikkje tek med her.

    «Pokal» er litt lenger etter ombygging, det er ved ny framende og kryssarhekk. Her reknar ein med at stilken ikkje vart i konflikt når det vart bygt kryssarhekk. Om så var, er det løysingar som vart ordne etter kvart. Vidare oppbygging er som på ein ny båt.

    Her har eg vore litt i tvil om Vik Båtbyggeri utførte sveising sjølve på denne tid. I artikkelen om MB «Varnes» står det at utstyr til sveising fekk bedrifta i 1950, samtidig med vekselstraum til bedriftene i Høydalen. Når «Pokal» var på Vik Båtbyggeri for ombygging i 1949 tilseier det at stålarbeid vart utført hos andre og då mest sansynleg Volda Mek.

    Olav H. Sævik meiner å hugse at det vart bygd ny kjeising, stålkaising. Den var i full høgd med galgedekk på beggesider. Overbygget vart då sjølsagt nytt og bygd i tre. Frå keising-gangen og vidare bak var ståldelen så høg som nødvendig for høgda i kahytta, dei burde få stå oppreist når dei drog på seg broka. Over kahytta var det meininga å lage messe men det vart i staden brukt til vegnrom. Kahytta hadde fire køyplassar, med nedgang frå keising-gangen. Vis a vis var eit lite enkelt toalett. Maskinnedgang var også frå keising-gangen men på styrbord side. Byssa var heilt framme. Babord gang hadde tett sidevegg med dør forover. Det var den vanlege løysinga, her kunne mannskapet henge oljekleda. Var der maskinrist så var det fin tørkeplass til støvlane. På bilde ser det ut for at rorhuset er bygt tradisjonelt i tre med rorhusfront i truleg teak. I lugaren forut var det køyplassar til 8 mann.

    Krig:
    Bestefar (Hans O Sævik) fortalde og om dei første krigsdagane i 1940 då vart M/K Pokal og M/K Zeta uttekne av regjeringa for å frakte folk fra Norsk Rikskringkasting nordover til Mosjøen, dei skulle gå ilag med ishavsskuta M/S Grimsøy som førde last for Norges bank - Ålesund til Tromsø. Folket stod på Stornespiren i Ålesund og dei fekk sandsekkar til å dekkje ror hustaket med. På turen nordover ha dei fleire gongar tyske fly over seg. Når dei kom til Mosjøen sette dei iland folk, men dei måtte fortsette vidare til Tromsø for folket måtte vidare, då tyske krigsstyrkar var på veg nordover. Sjølv om dei ikkje hadde kart om bord gjekk dei ilag til Tromsø, der låg dei nokre dagar før dei fekk betaling for turen. Så gjekk dei syd til Harstad med engelske offiserar og nokre sivile. Dei hadde og papir med seg som skulle øydeleggjast om dei vart stoppa av tyskarane. I Kjelsundet var der kampar, difor gjekk dei ytre leia syd over eit stykke, eit marineskip kom og dei gjorde då av med papira. (Ole Sulebakk fortel at dei gøymde pengane i skosålane og gjorde av med papira.)

     

    Når dei kom sør i "Skjeia" ved Terningen fyr kom der ei dame å vinka med eit kvitt laken. Det viste seg at leia var minelagd. Zeta og Pokal kom seg velberga heim.

    Dette vart fortalt til meg av bestefar. Hendinga er skildra også i eit opptak med Ole Sulebakk i 1984, dette er gengitt i boka Herøybåtar i 100 år (1998).

    «Pokal» var utstyrt med peilar og ekkolodd (kanskje Scam?), sendaren var Robertson, amerikansk bygd og kom som Marshallhjelp. Det var galgedekk på begge sider, med livbåt på babord side. Lukekarm og kappe har nok også vore bygt i stål når keisinga var det. Her må ein skyte inn at vekselstraum kom til Høydalen fyrst på 1950 talet. Før den tid vart sveisearbeid utført på Volda mekaniske verkstad, anten av egne arbeidarar eller som leigearbeid. Etter at vekselstraumen var komen til bygda vart alt stålarbeid utført på båtbyggeriet

    Når «Pokal» var under ombygging i Høydalen tok Hans O. turen inn fjordane for å sjå kor arbeidet gjekk. Han hadde då ein 18 fots klinker, vist nok bygd på Bjørneset, med ein 2 hk Rubb frislagsmotor. Dette var ein tur som tok 5 - 6 timar. Sonen Olav var med, han hugsar det som ein langtekkjeleg tur. Faren laga eit lite «sjygn» i bauen av presenning for verste trekken. Olav var 7 – 8 år.

    Kilder

    Statslos Hans Lennart Sævik, Ålesund losstasjon

    MB «Pokal» – lokalhistoriewiki.no