Informasjonen om registrerte krigsseilere er ikke nødvendigvis fullstendig. Eksempelvis vil mønstringer og utmerkelser for enkelte sjøfolk bli registrert senere, ettersom nye kilder blir gjennomgått.
NorgeBjarne Brynjelsen Misje
I marineuniform.Copyright: Arkivet freds- og menneskerettighetssenter/privat
Minne frå krigsåra, 1940-45. Intervju med misjefolk, s. 60-63:
"Dette har sonen Børge Misje fortalt om far sin.
Bjarne var ein av ungdomane på Misje som reiste over Nordsjøen med Diamanten. Dette var den 1. november 1941. Han fekk vera med under tvil, fordi han var berre 16 år gamal. Tvilen kom Bjarne til gode, fordi han alt tidlegare på hausten hadde prøvd å koma seg over Nordsjøen. Det var då han var med å skyssa den ni år eldre broren, Mons om bord på Guldborg. Då dei var framme ved Guldborg, og Mons hadde kome seg om bord, gjorde Bjarne seg klar til å klatra etter. Mons nekta, og sa nokre ”Pauli ord” til han. Deretter gav han Bjarne nokre rapp over fingrane slik at han måtte sleppa taket. Guten måtte reisa heim att med uforretta sak. Men der og då bestemte han seg for alvor at til England skulle han, kosta kva det ville.
Om lag eitt år etter ville lagnaden det slik at dei skulle få treffast att. Mons som var i handelsflåten, var komen til London. Han og ein kamerat hadde landlov. Det var seint på kvelden og dei ville ha seg ly for natta. I eit kvartal der dei visste at det vanka mykje nordmenn, hadde dei spurd etter rom på fleire hotell. Men det var fullt over alt. Mons fekk nyss om at det på eit av hotella var innkvartert eit skipsmannskap som skulle om bord på ein jagar dagen etter. Han spurde då ved disken om han kunne få sjå i protokollen. Kanskje var det nokon han kjende der?
I boka fann han Bjarne sitt namn. Bjarne var ute ein tur, så Mons sette seg i vestibylen til å venta. Straks etter kom Bjarne, og dei fekk høve til å veksla nokre ord. Det var smått med pengar for dei som gjorde teneste i marinen, så Mons gav han nokre pund. Så skildest dei, og såg ikkje kvarandre før krigen var over.
Då Diamanten kom til Shetland, vart dei som var med forhøyrde etter obligatorisk mønster. Dei ni kameratane vart spreidde. Bjarne fekk arbeida ved eit sjukehus i London den første vinteren. Han prøvde å lyga på alderen, men han var for ung til å gjera teneste på fartøy. I juli 1942 vart han innrullert i marinen. Seks månader etter vart hen sendt til Skegness for opplæring til fartøyteneste.
Den 25. oktober 1942 vart Bjarne beordra til teneste om bord på jagaren St.Albans. Fartøyet var bygd for den amerikanske marinen på slutten av første verdskrigen.
Etter ei avtale mellom Churchill og Roosevelt vart ca. femti fartøy overtekne av britane. Noreg fekk ansvaret for to av dei. Jagarane Bath og St.Albans. Dei hadde gått i eskorteteneste over Atlanteren sidan byrjinga av 1941. No hadde St.Albans nett vore på verkstad og fått ny radar og eit våpen som kunne kasta miner framover medan dei hadde sonarkontakt med ubåtar.
Fartøyet vart sendt til Skottland. Der gjekk mannskapet gjennom eit tøft treningsprogram. Natt og dag øvde dei på tenkte situasjonar. Etter opplæringa vart ST.Albans sett til å eskortera konvoiar i Kanalen. Julaftan 1942 feira dei i Portsmouth. Fartøysjefen heitte Folke Hauer Johannesen. Han vart forresten forsvarssjef i Noreg frå 1964-72. Denne julekvelden hadde sjefen beordra ekstraforpleining. Det vanka også ein god dram rom til kvar mann. Etter middagen samla han heile mannskapet på ein banjer for å ynskja dei god jul. Han las juleevangeliet, men tankane til dei han las for gjekk nok mest til den andre sida av Nordsjøen. Då sjefen var ferdig å lesa, vart det heilt stilt. Brått sette ein av karane i å syngja ”Ja, vi elsker”. Det var som ein demning brotna, og gav etter for eit press av innestengde kjensler. Alle stemde i for full hals, og det var mest som dekket ville løfta seg under den mektige songen. Tårene sat laust i augnekriken hos dei fleste den julekvelden på St.Albans.
Etter jul bar det nordetter til Skottland for nye øvingar. Dei hadde mellom anna eit oppdrag oppunder kysten av Jæren for å eskortera ein båt som var på veg til England. På denne turen vart dei angripne av eit tysk bombefly. St.Albans gjekk med full fart, over 30 knop. Bombene eksploderte i kjølvatnet. Bombene ville truleg ha råka dersom farten hadde vore mindre.
Ut på nyåret 1943 vart St.Albans beordra til eskorteteneste i Nordatlanteren. Vinteren var hard, med mykje dårleg vêr. Rutene som konvoiane gjekk var heilt oppunder iskanten. Kulde og overvatn gjorde at dei gjekk med halvtørre klede både når dei var på vakt og når dei hadde frivakt. St.Albans hadde ofte kontakt med ubåtar på desse overfartane. Då vart det slegen ”klart skip”, og alle mann måtte vera på sin post. Bjarne stod ved minerekka på St.Albans. Det var ofte mange timar i strekk på eit etter måten lavt og ope dekk. Kampane mot dei tyske ubåtane gjekk helst føre seg om natta. Det var sterke inntrykk som sette seg i minnet til ein 18-åring då minene han var med på sleppa mot tyskarane vart sprengde. Svære drønn som gav etter i heile fartøyet, og voldsame vassøyler som for til vers i kjølvatnet etter dei.
Det var ikkje til å unngå at tyskarane fekk inn mange fulltreffarar mot dei allierte konvoiane.
Men utover hausten i 1943 vart det rapportert færre tyske angrep. Tyskarane hadde nok lidd store tap dei og. Då året gjekk mot slutten, vart det bestemt at St.Albans skulle førast over til det russiske krigsmaskineriet.
Bjarne gjekk i land frå St.Albans i januar 1944. Han og mange av skipskameratane hans hadde gjort ein innsats det stod respekt av. Som ei slags heider fekk dei æra av å bemanna ein heilt ny jagar. Namnet på denne jagaren var Svenner. Det var eit moderne fartøy som var utstyrt med alle dei siste hjelpemiddel til å føra ein sjøkrig. Besetninga talde 235 mann.
Alt då Svenner kom ut frå verftet, gjekk han inn i planane til general Eisenhower. Svenner skulle vera med under invasjonen i Normandie, men dette visste berre sjefen om. Dei vart sende til Scapa Flow på Orknøyane der treninga til invasjonen kom i gang. Dette heldt dei på med i over ein månad. Den andre juni 1944 segla Svenner sørover i Irskesjøen på veg mot målet som var Kanalen. No først fortalde fartøysjefen, kapteinløytnant Tore Holthe, om planane for Svenner. Det vart stor begeistring mellom mannskapet.
Vi veit alle at invasjonen til dei allierte i Normandie lukkast. Men samstundes leid dei også store tap. Om morgonen kl. 0530 den 6. juni vart Svenner råka av ein tysk torpedo midtskips, midt mellom kjeleromma. Olje spruta over heile brua. Sjefen innsåg at fartøyet var tapt. Han gav ordre om å forlata fartøyet.
Bjarne var på bruvingen då dei vart råka. Han vart som lamma i føtene då dekket vart pressa opp mo han. Men han klarte å hoppa på sjøen før fartøyet brotna i to. Etter ei kort stund tok midtskipet botnen, baug og akterende raga høgt mot himmelen og danna ein V. Slik stod han som eit sigersteikn mot himmelen i ca. ein halv time før Svenner la seg over på sida og forsvann i Kanalen.
Bjarne låg no og baska i dei krappe bølgjene. Han prøvde å koma seg vekk frå vraket. Bjarne var tilgrisa med olje, men redningsvesten heldt han flytande. Han forstod at han var skadd, for han kunne ikkje bruka føtene til å symja med. Mange av kameratane hans låg i sjøen og skreik på hjelp. Han såg at ein av jagarane som var med i gruppa nærma seg, og mange sumde for livet for å nå klatrenettet som hang nedetter skipssida. Seksti mann vart redda av denne britiske jagaren som heitte Swift. Bjarne prøvde så godt han kunne å nærma seg, men han hadde ikkje kraft i føtene til å sparka i frå. Etter ei stund sette jagaren fart på og forsvann. Bjarne forstod ikkje kvifor dei ikkje sette båt på vatnet for å ta opp fleire som låg i sjøen. Seinare vart det klårt for han at det var ståande ordre om ikkje stoppa i oppløpet mot invasjonsfronten. Det var landgangsfartøy og mindre båtar som var spesielt uttekne til å ta opp overlevande frå sjøen.
Etter over to timar i sjøen vart Bjarne plukka opp. Då hadde han mista håpet om å verta redda fleire gonger. Mange fartøy hadde køyrt forbi han. Alt han ropte og skreik såg ut til å vera fånyttes. Av og til var han så vonbroten at han vurderte å ta beltet av seg og la seg søkkja til botnar, men kvar gong ein ny båt nærma seg, steig håpet.
Han måtte hjelpast om bord, for kreftene var mest slutt. Då han kom om bord i redningsfartøyet, vart smertene så voldsame, at han var utan medvit ei stund. Han la likevel merke til at han vart overflytta til eit større fartøy noko seinare.
Dei vart landsette i Southampton ut på kvelden, og Bjarne hamna på sjukehus. Det viste seg at han hadde fått hofte – og ryggskadar. Seinare vart han overførd til eit sjukehus i London. Han vart liggjande på sjukehus i seks månader. Det var lange og keisame dagar. Gjekk flyalarmen, kunne han ikkje søkja ly som dei fleste andre. Men av og til fekk han besøk av skipskameratar. Syskenbarnet hans, Trygve Turøy var ein av dei. Han gjorde teneste på jagaren Stord som var søsterskipet til Svenner.
Behandlinga på sjukehuset gjekk seint frametter. Bjarne hadde store vanskar med å setja føtene under seg. Ei stund såg han mørkt på om det var hjelp i behandlinga, men ut på hausten merka han at krafta byrja å koma attende i føtene.
Etter krigen, då dette vart fortalt i heimen til Bjarne, kom det for ein dag at mora hadde hatt stor omsut for Bjarne nett på den tida. I einsemd hadde ho laga seg ein bønekrakk i floren. Når ho hadde ei ledig stund, la ho fram sine bøner for Herren om at Han måtte bevara dei tre sønene ho hadde ute i krigsteneste. Då Bjarne tenkte gjennom dette etter krigen, vart han overtydd om at det var samsvar mellom bønene til mora og framstega han hadde i behandlinga på sjukehuset.
Bjarne vart skriven ut frå sjukehuset i november 1944. Etter ei kort stund vart han beordra om bord i ein ny jagar som heitte Arendal.
Kort tid etter vart han plaga av betente mandlar, og han laut inn att på sjukehus og operera dei bort.
I januar 1945 kom han om bord i jagaren Narvik. Der var han då tyskarane kapitulerte.
Bjarne vart dimittert frå Marinen den 5. januar 1946. Han var då 20 år gamal, og hadde vore med å kjempa for eit fritt Noreg i over fire år".
"Minne frå krigsåra, 1940-45. Intervju med misjefolk". Marta Lillian Ekerhovd. 1997.
Publikumshenvendelse til Arkivet freds- og menneskerettighetssenter