Informasjonen om registrerte krigsseilere er ikke nødvendigvis fullstendig. Eksempelvis vil mønstringer og utmerkelser for enkelte sjøfolk bli registrert senere, ettersom nye kilder blir gjennomgått.
NorgeLondonregisteret:
Registernummer under krigen: London 44259.
Refugee from Misje, arr. 8. november 1941.
Minne frå krigsåra, 1940-45. Intervju med misjefolk, s. 47-51:
"Vi kom velberga fram til Lerwick på Shetland. Så for vi til Skottland, og vidare med jernbane til London.
”Sing Sing”, ein stor jenteskule i London var gjort om til mottakarstad. Her kom det folk frå mange nasjonar. Alle vart kalla inn til forhøyr.
Dei andre som reiste med Diamanten budde på County Hotell. Eg budde på eit anna som var leigd av norske myndigheiter. Eg kan ikkje hugsa namnet.
Eg hugsa at alle ønskte å tenestegjera i marinen. Men det var berre eg som fekk ønsket mitt oppfylt med det same. Først bar det på rekruttskule i seks veker. Det var på Skegness i Aust-England. Der var det gutar frå fleire nasjonar under opplæring. Dei norske var samla for seg under norsk kommando. På rekruttskulen hadde vi ikkje noko særleg kontakt med folk frå andre nasjonar.
Dei norske rekruttane kom inn i krigen med ein gong. Skulen vi gjekk på vart bomba. Ingen vart drepne, men eg fekk mi første oppleving og befatning med shelter eller tilfluktsrom. Eg kan ikkje seia anna enn at eg var redd medan det stod på.
Så vart eg sendt til Devonport marinebase. I Plymouth skulle eg gå på signalskule. Men det var eg ikkje interessert i. Så eg bad om å få koma om bord på ein minesveipar. Det fekk eg. Eg var matros. Om bord i ein minesveipar var det ca. 30 mann. Vår oppgåve var minesveiping. I tillegg var vi eskortefartøy. Vanlegvis var vi fire minesveiparar saman.
Heile tida fram til slutten av 1944 gjekk båtane eg var om bord i på den engelske kanalen. Desse båtane var ombygde norske kvalbåtar med vibrasjonshamarar. Dei lagde vibrasjonar framfor båtane.
Båtane var utstyrte med kanoner, mitraljøser og djupvassbomber. Ein av fire minesveiparar gjekk ned. Eg var om bord i to minesveiparar, Mandal og Breivik.
Den første forliste midt under krigen. Eg hugsar godt ein gong vi låg på verkstad. Då skulle Harstad overta konvoitenesta. Medan vi var der, fekk vi høyra at Harstad var senka. Berre ein mann overlevde.
Plymouth og Falmouth var hovudstasjonane. På strekninga Portsmouth – Brighton eskorterte vi stort sett. På strekninga Falmouth – Truro – Plymouth dreiv vi helst med minesveiping.
Skodda kunne til tider liggja tjukk i Kanalen, og alle lys var sløkte både på båtane og på land. Ofte vart konvoiane angripne både frå sjøen og lufta. Eg kan ikkje minnast at vi eskorterte konvoiar utan at tyskarane klarte å få has på nokre av skipa våre. Vi hadde ordre om å gå vidare sjølv om nokre av skipa i konvoien vart senka. Det var viktig å passa konvoien. Det gjekk flire gonger engelske destroyarar ned. Det var fælt å høyra skrikinga frå hjelpelause i sjøen, dei oljete hendene som strekte seg mot deg, og å sjå dødsangsten i augo deira.
Vi var ikkje så gamle karane, men hardbarka var vi. Seinare har eg tenkt mykje på desse hendingane. Særleg då eg var rundt 50 åra. Eg må innrømma at eg har vakna mange gonger pga. at eg har vore tilbake i desse situasjonane".
Sjøforsvarets londonarkiv:
Antatt i Marinen: 22. november 1941, som: U.D.M.
Sivil stilling: Fisker.
Sivil utdannelse: 6 mndr. handelsskole.
Militær spesialutdannelse eller kurser: Signal.
Dimittert fra Marinen: 6. desember 1945.
"Minne frå krigsåra, 1940-45. Intervju med misjefolk". Marta Lillian Ekerhovd. 1997.
RA/S-2081/F/Fe/Fea/L0076
Sjøforsvarets londonarkiv ved Marinemuseet i Horten: P.20. Kort 315-316.
RA/RAFA-5156/G/Gb/Gbb/Gbba/L0003