Informasjonen om registrerte krigsseilere er ikke nødvendigvis fullstendig. Eksempelvis vil mønstringer og utmerkelser for enkelte sjøfolk bli registrert senere, ettersom nye kilder blir gjennomgått.
NorgeFoto - Nortrashipflåtens Skyttere 1941 - 1946.
Ex gratia-arkivet:
Registernummer under krigen: London 44256, NY 32489.
Nortrashipflåtens skyttere 1941-1946:
Var den 9. april 1940 i Norge, men kom til England som flyktning fra Norge den 8. november 1941. Først tjenestegjorde han 2 år i Hæren i Skottland, men ble så overført til SSH Dumbarton og utdannet til skytter.
Dimittert på Garnes ved Bergen den 13. november 1945.
Innehaver av Deltakermedaljen.
Minne frå krigsåra, 1940-45. Intervju med misjefolk, s. 68-72:
"Det var i slutten på oktober i 1941. Eg stod ute på kjøkkenet og vaska opp. Eg var ikkje heilt god, for eg hadde tenesta som Nasjonal Samling står for,” tenkte eg. Eg hadde fått innkalling. Det meslingane, eller ”kregdo” som vi seier. Inn kjem Bjarne B. Misje. ”Nokre av oss ungdommar har bestemt at vi skal reisa til England, Jonas. Vi skal fara med Diamanten. Eg tenkte eg ville gje deg beskjed, for vi skal reisa i morgon kveld.” Gutane hadde sete om bord i Sjømann og funne ut at dei ville avgarde. Det var fredagskveld og mor var på eit møte. Nett då gjekk eg, Michael og Malvin M. Misje på kystskipperskulen var snakk om at vi skulle lærast opp til å forsvara ein invasjon av Noreg. Det ville eg ikkje! Eg bestemte meg der og då. Eg ville vera med til England.
Bjarne, som berre var 16 år, hadde prøvd å få vera med bror sin Mons B. Misje tidlegare. Mons reiste over til England med Guldborg om sommaren same året. Bjarne hang med hendene på rekka og ville om bord, men broren gav han nokre rapp over nevane og sende han attende i småbåten som hadde skyssa dei nord i Svelgen der Guldborg låg. Guldborg kom frå Ramsøy då.
Etter nonstid dagen etter, sa eg til mor at eg skulle reisa. Ho ynskte helst at eg var heime, men eg fekk bestemma sjølv. Eg hadde reist i alle fall, kva ho så sa!
Vi tok inn tunner med salt sild som ballast, så spikra vi lukene med presenning. Borgny Vik stod på butikken her på Misje. Ho gav oss alle wittenbergarane ho hadde, og elles ein del vanleg brød. Ho gav uttrykk for kva butikkeigaren, Normann ville seia til henne no når ho hadde gitt vekk alt det fine brødet. ”Berre hels han og sei at han skal få gjennomgå når vi kjem heim att dersom han så mykje som mukkar!” hugsar eg vi sa.
Klokka 9 om laurdagskvelden 1. november 1941, gjekk vi ut frå kaien. Eg kan ikkje minnast at det var nokon frammøtte. Det var kald frost, men fint haustvêr. Eg og Malvin M.Misje stod i styrehuset fram til Turøy. Eg hugsar eg hadde ein god ullklut på brystet med kamfer i. Han hivde eg forresten midt ute i Nordsjøen. Vi gjekk ut Svelgen. Der skulle vi henta to karar frå Toft, men dei kom ikkje. Så fór vi til Turøy for å henta Mathias Turøy. Då var det møte i bedehuset der. Vi hadde avtalt at han skulle koma når vi fløytte i Turøyvågen. Mathias òg var i bedehuset. Då han stiltra seg ut, forstod folk kva som var i gjære. Dei følgde etter, og snart var heile Turøykaien full av folk. Dei vinka og song nasjonalsongar.
Betsy Turøy, dotter til Tomas Turøy, kom om bord. Eg hugsar Malvi sa: ”Eg må få ein kjøss hos deg, Betsy. Da blir antagelegvis den siste!” Det fekk han.
Vêret var fint under overfarten. Vi brukte akkurat 25 timar. Brynjel Misje hadde radio. Vi skulle senda særmelding når vi kom bort. Kva særmeldinga var hugsar eg ikkje.
Desse reiste med Diamanten: Michale M. Misje, Anton B. Misje, Bjarne B. Misje, Elias Misje, Johannes M. Misje, Anton M. Misje, Jonas Misje, Malvin M. Misje og Mathias Turøy.
Så vart vi sende til Inverness i Skottland, deretter til London. Der søkte alle seg til marinen. Berre Michael M.Misje kom i marinen då. Grunnen var at dei ikkje hadde nok båtar å plassera oss på. Vi kom inn i kompani Linge. Hæren var vi ikkje nok trente til, så alle tok til å søkja om å koma i marinen. Eg trur Anton B., Johannes M. og Malvin M. og Anton M. kom ut i slutten på 1942 eller i byrjinga av 1943. Eg og Mathias Turøy var så unge at dei sleppte oss ikkje ut før 15. desember -43.
Først gjekk vi på marinen sin rekruttskule i fire månader. Så gjekk vi på Dumbarton skyttarskule i Glasgow. Det var eit hardt kurs så vi hadde nok med å følgja med. Deretter skildest vegane våre. Eg gjekk inn som skyttar i den norske handelsflåten SSH. (Populært kalla Sjøforsvarets siste håp.)
Vi var fire til seks skyttarar på kvart handelsskip. Vi stod vakt ved kanonane. Når vi var ute, var det fire timar på vakt og åtte timar fri. Eg mønstra på som skyttar og matros, og måtte derfor gjera vanleg matrosarbeid også når vi låg under land. Vi gjekk i konvoi mellom England og Amerika. Lasta var mangfaldig. Alt frå tanks, ammunisjon og mat.
Første båten eg var med heitte Høyanger. Vi måtte mønstra på for seks månader, så var det ei veke fri. Deretter måtte vi om bord i ny båt. Det var godt kameratskap om bord. Om bord i Høyanger var det seks mann i lugaren som var på fire – fem kvadratmeter. To og to måtte tørne ut om gongen for å få plass til å koma seg fram.
I september 1944 hadde vi ein tur til Sri Lanka eller Ceylon. Vi gjekk i ballast frå Liverpool til New Port. Så gjekk vi i konvoi til Gibraltar. Elles gjekk vi åleine. Eg hugsa vi lossa fly i Karachi, så lasta vi inn fleire tusen sauer som skulle til Sri Lanka på beite. Det var sauepassarar med, men truleg braut det ut ein epidemi i flokken, for den eine etter den andre kreperte.
Eg trur dei fekk berre eit par hundre dyr på land. Det var så vidt det spann liv i dei og. Vi kom tilbake i februar 1945. Den vinteren var det så kaldt i London at visarane på Big Ben fraus fast. V-2 bombene rasa som verst.
Eg må fortelja om ein gong vi låg i London og lossa. Eg hadde ein kamerat frå Fredrikstad. Han hadde ei tante i Kingston. Det var berre det at han visste ikkje adressa hennar. Det var heller ikkje noko folkeregister der ein kunne finna ut av dette på den tida.
”Vi reiser likevel,” sa han. Det må vel finnast ei råd.” Vi av stad. Då vi kom fram, blei vi gåande litt rundt i gatene. Med eit fekk vi sjå ein postmann. Vi gjekk bort til han og viste namnet på tanta. ”No problem! Just follow me!” var svaret. Han tok oss med rett rundt første gatehjørne. På næraste dør stod namnet til tanta. Vi vart verande der heile helga.
Vi heldt oss mykje i leiren i Dumbarton då vi hadde fri (på skyttarskulen). Så var vi på kino i nabobyen. Ein gong var eg på besøk i sjømannskyrkja i London. Alle byar var mørklagde i England på den tida. Eg hugsar godt kontrasten når vi kom til New York. Alt var opplyst, livet pulserte, folk lo og hadde det kjekt. Der rådde fridomen.
I New York besøkte eg alltid ein onkel og ei tante. Dei var søsken. Onkel Kristoffer var gift med ei dame av tysk slekt og tante Malena med ein som hadde røtene sine i England. Eg hugsa diskusjonane gjekk høgt. Særleg mellom onkel Kristoffer og den tyske dama hans. Ho var rasande på tyskarane, medan han meinte at dei kunne no ikkje vera så galne. Dei var då flinke folk. Sinnet tok henne, og fleire gonger fekk han smaka handloven hennar.
Eg hadde det svært kjekt hos dei to ektepara. Elles hugsar eg at første jula sende eg julekort til Kristine Misje, seinare gift Solsvik. Anton B. Misje sende eit kort til Andrine Torsvik. Ho var tenestejente hos Mathias P. Misje. Korta gjekk gjennom Raudekrossen.
Sjølv om vi ofte opplevde at båtar gjekk ned, kan eg ikkje minnast at vi var særleg nervøse. Doktor og tannlege var gratis, og mat hadde vi nok av. I kompani Linge fekk vi 3 pund for månaden. I marinen var hyra 250 kr. pr. mnd., skyttartillegg på 80 kr. pr. mnd., og krigstillegg på 250 kr. pr. mnd. Fast trekk var 75 kr. pr. mnd. Det vart sett inn på bok. Desse pengane fekk vi utbetalt då vi dimitterte etter krigen.
Siste turen lasta vi i England. Vi skulle til Kirkenes med forsyningar. Det var i førstninga av april, 1945. Vi var to handelsskip som skulle der. Kronprinsen og Haakon VII. Dei var søsterskip.
Vi følgde konvoien som skulle til Murmansk. Ved Kirkenes forlet vi konvoien. Det var meininga at vi skulle vera dei første skipa som kom til Noreg i frigjeringsfasen. Dette pga. namna. Men det var to andre skip som kom først. På tankbåtane var det laga dekk der det var plassert fire fly, tolv stykke i alt. Dei forsvara oss godt. Tyskarane kom ikkje til pga. flya. Eg hugsar eit av flya gjekk i havet framfor båten rett etter at det hadde letta. Eine flygaren vart redda.
Vi låg i Kirkenes den dagen krigen var slutt. Der var det berre eitt hus att. Eg minnest eg tykte det var kaldt og ilt der. Maten, kleda og kolet vi hadde med, kom godt med for folket der. Vi hadde forresten eit angrep på Kronprinsen då konvoien gjekk til Murmansk.
17. mai 1945 gjekk vi frå Kirkenes til Glasgow. Vi budde i Durbarton. Tilbake til Noreg kom vi med gamle Bergensfjord. Det var i juni 1945. Bergensfjord hadde då vore med på 4 invasjonar og båten hadde klart seg: Det var 1) på Malta, 2) i Italia, 3) i Frankrike og 4) i Nord-Afrika. Eg kom heim i 1945".
Sjøforsvarets londonarkiv:
Antatt i Marinen: 15. desember 1943, som: U.d.m.sk.asp.
Sivil stilling: Fisker.
Tidligere militærtjeneste: England Hæren 2 år.
Dimittert fra Marinen: 13. november 1945.
RA/S-3545/G/Gg
Nortrashipflåtens Skyttere 1941 - 1946. Skytter nr. 1402
"Minne frå krigsåra, 1940-45. Intervju med misjefolk". Marta Lillian Ekerhovd. 1997.
Sjøforsvarets londonarkiv ved Marinemuseet i Horten: P.32. Kort 141-142.