Kristian Severin Minde-Thustad

Informasjonen om registrerte krigsseilere er ikke nødvendigvis fullstendig. Eksempelvis vil mønstringer og utmerkelser for enkelte sjøfolk bli registrert senere, ettersom nye kilder blir gjennomgått.

Født

23. juni 1913

Foreldre

Lars Johannes Kristiansen (Minde) og Anne Martha Kristiansen (født Larsdtr. Snik)

Kjønn

Mann

Nasjonalitet

Norge flaggNorge

Fødested

Haugesund

Bosted

Røksund, Haugesund

Relasjon til fylke

Rogaland

Sjøforklaring 1940 - 1945

Annet

  • Deltok i 2. verdenskrig
  • Ex gratia-arkivet:

    Registernummer under krigen: London 31033, NY 12166.

    Fra Haugesunds avis:

    7. desember 1941, samstundes med åtaket på Pearl Harbour, blei me angripne av japanske fly i Stillehavet, litt aust for Filippinane. Me var på veg frå Calcutta til San Francisco, og visste ikkje at Japan var gått inn i krigen. Dagen før hadde me hørt på radioen at ein større japansk flåte var på veg sørover Kinahavet, fortel Thuestad.

    Mannskapet på 28 sette ut livbåtane. Dei japanske flya skaut på dei med maskingevær mens dei heldt på, slik at dei måtte gøyma seg kvar gong eit fly sveipa over. Også etter at livbåtane var på sjøen sleppte japanarane bomber mot dei, men de treffte ikkje. Etter tre og eit halvt døgns seglas vestover nådde dei Cebu på Filippinane, som var under amerikansk kontroll.

    Japanarane gjekk i land på øya 9. april 1942. Me rømde til fjells, men 17. mai kom me ned og overgav oss. Då var den amerikanske motstanden slutt, fortel sjømannen. 

    Dei sat som fangar på Cebu til desember, då dei blei førte til Manilla. Fangeleiren der var eit universitetsområde. Fangane skaffa seg mat ved å dyrka jorda.
    - Ingen av mannskapet vårt blei utsette for tortur. Japanarane sa at me kom til å ha det godt så lenge Japan gjorde det godt. Det stemte. Siste året var fælt. Me fekk 165 gram ris eller brød for dagen. Mange fekk beri-beri, av mangel på C-vitaminar. Særleg blant eldre bukka mange under, hugsar Kristian Minde Thuestad.

    Fra september 1944 var amerikanske fly i aksjon mot japanerne ved Manilla, men først i februar 1945 blei me sette fri. Amerikanarane ville sendt oss sjøfolk ut på amerikanske skip, men me ville til USA og heim, fortel Thuestad. Dei fekk fylgje med eit skip til Ny Guinea. Etter nokre vekers venting fekk dei plass på ein ny båt, og kom til San Francisco 17. mai 1945. Så tok dei tog til New York, før dei fekk fylgja ein kvalkokar til Vestfold".

    Kilder

    Fanger.no

    RA/S-3545/G/Gg

    Avisartikkel i Haugesunds avis 9. april 2001 om Kristian Minde Thuestad: http://www.h-avis.no/nyheter/erstatning-56-ar-etter-krigen/s/2-2.921-1.1549401

    Privat arkiv avgitt til Arkivet freds- og menneskerettighetssenter

    Evig heder: krigsdeltakere fra sør- og vest-Karmøy 1939-1945. Av Peder Eliassen, Ludvig Thomassen og Thorbjørn Vikre. Lokalhistorisk stiftelse, 2000. S. 304-308.