Anton Brynjelsen Misje

The information on registered seafarers is not in all cases complete. As new sources are studied, information on engagements and medals etc. will be added to some of the already registered seafarers.

Date of birth

May 9, 1917

Parents

Brynje og Guri Misje, Misje i Herdla

Gender

Male

Nationality

Norway flaggNorway

Birthplace

Misje i Herdla

County

Hordaland/Bergen

Rank

U. d. m. (Utskrevet dekksmann)

Other

  • Participant in WW2
  • Londonregisteret:

    Registernummer under krigen: London 44253.

    Flyktning fra Misje, ankom London 8. november 1941.

    14. februar 1942, Den norske hær. 

    Minne frå krigsåra, 1940-45. Intervju med misjefolk, s 64-67. 

    "Den 9. april 1940 tenestegjorde eg på Skarvøyna ved Herdla. Der var eg ei veskes tid. Vi som var der fann det best å koma oss vekk etter invasjonen. Eg for heim. Straks etter overtok tyskarane. Sommaren og hausten 1941 arbeidde eg om bord i Diamanten. No hadde tyskarane fått godt fotfeste. Det kom stadig nye påbod. Passet måtte ein visa berre ein skulle sør til Solsviklandet. Vi kjende oss bundne og ufrie på mange vis. Irritasjonen vaks.

    Vi vart eitrande galne på tyskarane. Ein syntest dei var etter deg overalt. Dette var hovudgrunnane til at eg bestemte meg for å fara over til England. Det var fleire av ungdomane på Misje som gjekk med slike tankar, viste det seg. Laurdag 1. november 1941 vart det bestemt at vi skulle fara frå Misje med Diamanten.

    Den dagen låg vi i Bergen. Johannes Nilsen sa eg måtte gå inn i butikken til kleshandlar Nicolaysen og sei frå at vi skulle reisa. Eg skulle kontakta ein mann der. No kan eg ikkje hugsa namnet hans. Eg var innom butikken, men gjekk ut att utan å seia noko. Eg hadde høyrt mannen hadde mange som ville vera med over til England. Diamanten var ikkje så stor. Vi var alt nok, tenkte eg.

    Dessutan var det ingen garanti for at nokon av dei kunne vera angivarar. Vi var redde for å seia for mykje. I 9-10 tida om laurdagskvelden reiste vi frå kaien nede ved butikken på Misje. Det var ein del som var der. Far var møtt fram. Han hadde visst at vi skulle reisa ei stund. Kvinnfolka som stod der visste det ikkje før nett før vi skulle fara frå land.

    Eg minnest det var fint vêr. Vi venta på nokre som skulle koma frå Toftøylandet, men dei kom ikkje. Vi stemde ut Svelgen, så var vi innom Turøy og henta Mathias Turøy. Deretter bar det mot Shetland. Eg veit ikkje kva dei andre følte eller tenkte, men for meg var dette helst eventyr. Eg tenkte på alt det spanande eg kom til å møta. Nett då kan eg ikkje seia tankane mine dvelte noko særleg ved all djevelskapen krigen kunne føra med seg. Det var flott, fint vêr heilt fram til Shetland.

    Då vi var innunder land, kom det ein marinebåt og losa oss trygt inn til Lerwick. Der vart vi losa inn på ein oppsamlingsplass. Berre Anton M. var att på Diamanten. Han skulle vakta båten. Etter ei stund kom Anton og. Kort tid etter vart vi frakta vidare med ein rute- eller troppetransportbåt til Aberdeen i Skottland. Så var det å sitja på toget fram til London. Eg minnest vi var i sivil då. Der vart vi forhøyrde. Forhøyret gjekk føre seg på St. Patric jenteskule. Det var to hotell i London med norsk betjening. Vi budde på det eine, County Hotell.

    Michael Sigurd vart sendt til marinen med ein gong. Vi andre vart plasserte i Kompani Linge. I førstninga gjorde vi teneste på eit jaktslott i Skottland. Der dreiv vi med litt av kvart, mest servering. Min jobb var å fylla karbid. Medan vi var der, fekk vi høyra at kaptein Linge miste livet under et raid til Måløy. Vi var mange nordmenn saman, så språket var inga hindring. Vi brukte teikn og grimasar for å gjera oss forstått av engelskmennene. Litt etter litt lærde vi oss dei mest naudsynte engelske orda.

    Vi vart sende vidare nordover i Skottland. Dei ville ha oss til mannskap på dei små skøytene som gjekk over til Noreg. Desse skøytene gjekk over til heimlandet i hemmeleg teneste. Vi såg på båtane, men vi tykte dei var for små, så vi takka nei. Etter ei stund søkte dei fleste seg over til marinen. Eg ville ikkje i handelsflåten.

    Så vidt eg hugsar var det berre Elias Jensen som vart verande att i Skottland. Han gjorde teneste i ei forpleiningsavdeling der. I 1942 kom eg om bord i Molde. Mønstra på som dekksmann i Liverpool.

    Først gjekk vi i eskorteteneste Liverpool – Londonderry. Seinare eskorterte vi rutebåtar Skottland – Shetland. Det var mykje stygt vêr på desse turane. Båten låg meir under vatn eller over. Ein gong var vi ein tur til Vestlandet og henta over nokre flygarar som var skotne ned utanfor Bergen. Om bord i Molde var vi 32 menn i alt. Ein engelsk offiser og to engelske signalmenn. Resten var nordmenn. Kameratskapet var godt. Alt du la frå deg fekk vera i fred.

    Når vi hadde kjelesjau, eller det var ”fiksing” på båten av eit eller anna slag. Hadde vi fri. Halve mannskapet om gongen. Det skjedde ein gong i halvåret. Då hadde vi fri 5-6 dagar. Den einaste gongen vi hadde fri eller, sørgde kakerlakkane for. Det krydde av kakerlakkar over heile båten. Den einaste måten å verta kvitt dei på var å gassa dei ut. Det tok nokre dagar.

    Eg var mykje saman med Ludvik Standal. Han var frå ein liten plass utanfor Florø, Vefring. Båe var med Molde heile tide under krigen. Etter kvart utvikla venskapen seg mellom oss. Vanlegvis gjekk vi saman i land. Det kunne vera på kino, på pub eller ein tur. Ludvik var særs flink i engelsk, så vi kom lett i kontakt med engelske ungdomar, både jenter og gutar. Dei fleste av oss hadde ei jente som venta når vi kom til lands etter ein eskortetur.  Eg minnest at ein gong var vi ei heil veke hos ein familie. Eg hugsar vi vart godt mottekne, og at dei gjorde kva dei kunne for at vi skulle kjenna oss heime.

    Når du gjekk i land, skulle du seia frå til skipssjefen kvar du var. Det gjorde du og, men det var berre det at du aldri var på dei plassane. Den einaste gongen eg opplevde at engelskmenn misunte oss var i Glasgow. På den tida var det hard rasjonering i England. Eg hugsar ei dame som sat saman med oss på ein benk i parken der. Ho freste mot oss, og sa at det var vi som tok maten frå dei. Ho var ikkje blid på oss nett!

    Vi bytte ofte vakter oss i mellom. Problemet var at dei som skulle stå for deg gjekk på land. Ein gong vart eg teken på den måten. Om bord hadde vi kanoner og søkkjeminer. Fekk vi kontakt med ubåtar, sleppte vi søkkjeminer. Ofte sleppte vi ut mange søkkjeminer i serie. Det gjekk vanlegvis bra. Men ein gong fekk vi problem. Ei mine sprengde rett under båten vår. Vi fekk mykje styr pga. det. (Kjelen sprang lekk, lyset fór….)

    Vi hadde ein tur til Hebridene med proviant, kol og ymse utstyr til fyrane der. Eg minnest det var ein fin tur. Vêret var fint. Det var ei avveksling frå den vanlege eskortetenesta. Dessutan fekk vi eit pund for hjelpa kvar av oss. I 1943 eskorterte vi ti-elleve landgangs- prammar som skulle til Middelhavet ein stad. Ferda gjekk langt vest i havet for å unngå tyske åtak både frå sjø og land. Landgangsprammane sleppte vi utanfor Gibraltar.

    Deretter gjekk vi inn i Middelhavet. Som vanleg hadde vi våre faste vakter. Om natta sat eg vakt ved kanonen. Med eitt såg eg morelden av noko som kom mot båten. Eg var viss på at det var tyske torpedoar som var på veg mot skipssida. Eg kan ikkje seia anna enn at eg var redd og venta på braket. Då plutseleg endra moreldstripene retning. Det var ikkje tyske torpedoar, men nokre springarar, delfinar, som såg ut til å leika seg.

    Eg likte meg veldig godt om bord. Eg tykte det var som å vera om bord i ein båt heime. Mange mislikte seg. Andre var rett og slett ikkje brukande på sjøen. Nokre var storkjefta og gjorde ikkje det som dei vart bedne om. Dei fekk ordre om å gå i land ved første hamn vi kom til. Skulle alt fungera, måtte du lyda ordre og gjera jobben din, ikkje spørja for mykje. Sjølvsagt var det nokon som ikkje greidde presset og den stadige spenninga vi gjekk i.

    Eg hugsar ein som var med på turen til Middelhavet. Han ”tørna” totalt. La seg til oppe med skorsteinen og nekta å ta til seg korkje mat eller drikke. Vi fekk han såpass til at han overlevde dei to månadene vi var der nede. Han vart skyssa i land då vi kom attende til England. 

    På attendeturen var vi innom Lisboa. Vi eskorterte eit halvt utbomba handelsskip attende til England. Etter den turen gjekk vi i eskorte Liverpool – Londonderry, Skottland – Shetland att. Så var vi ein tur til Færøyane. På vegen såg vi Risør. Eg visste at Johannes M. Misje var om bord der. Båten låg meir under vatn enn over. Han såg ut som ein undervannsbåt. 

    Mange av skipssjefane våre var alt for seine med å ta avgjersler. Skulle vi sleppa søkkjeminer, skulle vi skyta eller? Men vi hadde eit par som utmerka seg. Dei var snare til å bestemma seg, og dei hadde godt lag med mannskapet.

    Den dagen krigen var slutt, var eg på Shetland. Vi fekk beskjed om å gå til Noreg. Rundt 17. mai kom vi til Tromsø. Då vi hadde passert Vestfjorden og gjekk inn i dei tronge sunda til Tromsø, stod det folk på haug og hammar og vinka, song og vaia med det norske flagget. Det var ei fin oppleving!

    I Tromsø stelte dei til fest for oss. Vi vart mottekne som kongar. Endeleg var landet vårt fritt att. Men kvardagen tok til att. Molde eskorterte russiske fangar til Murmansk. Vi var tre eskorteskip i alt. Eg tykte synd på dei frigjevne russiske fangane. Dei fekk ikkje koma i land då dei kom fram. Kaldt og fælt var det. Eg må seia at etter det eg såg hadde dei det ikkje godt.

    Før jul i 1945 var vi ein tur til Svalbard. Vår oppgåve var å halda ope råk til ein båt som skulle lasta kol. Eg var heime romjula i 1945. Eg hugsar eg var på julefest i bedehuset. Eg hadde ikkje hatt noko kontakt med heimen under krigen, så eg syntest det var kjekt å møta slekt og vener att. Eg var heller ikkje med på nokon av dei to festane som vart haldne for dei frå Misje som hadde vore ute under krigen.

    I slutten på januar 1946 vart eg dimittert i Bergen. Elles vil eg seia at eg ikkje har hatt nokon særlege problem med søvn og nervar. Det veit eg mange av dei andre har hatt som var ute under krigen. Kanskje kom det av at eg tenkte mest på jobben eg skulle gjera? Og ikkje minst at eg likte meg så godt om bord.

    Eg fekk Deltakarmedaljen og Krigsmedaljen".

    Sjøforsvarets londonarkiv:

    Antatt i Marinen: 4. september 1942, som: U.D.M.

    Sivil stilling: Fisker.

    Tidligere militærtjeneste: 1941/42 "L" avd.  9 mndr.

    Dimittert fra Marinen: 14. februar 1946.

    Sources

    "Minne frå krigsåra, 1940-45. Intervju med misjefolk". Marta Lillian Ekerhovd. 1997.

    RA/S-2081/F/Fe/Fea/L0076

    Sjøforsvarets londonarkiv ved Marinemuseet i Horten: P.20. Kort 317-318.

    RA/RAFA-5156/G/Gb/Gbb/Gbba/L0003