Magnus Bertin Antonsen (Solhaug)

The information on registered seafarers is not in all cases complete. As new sources are studied, information on engagements and medals etc. will be added to some of the already registered seafarers.

Date of birth

March 19, 1922

Date of death

2017

Parents

Anton og Aletta Antonsen

Gender

Male

Nationality

Norway flaggNorway

Birthplace

Herdla, Bergen

Place of living

Torsvik, Øygarden

County

Hordaland/Bergen

Rank

Kokksmat (Marinen)U. d. m. (Utskrevet dekksmann)

Other

  • Participant in WW2
  • Ex gratia-arkivet:

    Registernummer under krigen: London 10629, NY 24403.

    Ankom England den 10 oktober 1941 som flyktning fra Norge.

    Sjøforsvarets londonarkiv:

    Antatt i Marinen: 02. juli 1942, som U.d.m.

    Sivil stilling: Fisker og sjømann.

    Dimittert fra Marinen: 12. januar 1946.

    Minneord publisert i Bergens Tidende og Vestnytt:

    "Minneord Magnus B. Solhaug

    29. juli døydde krigsseglar Magnus Bertin Solhaug, 95 år gammal. Han var ein av mange krigseglarar her til lands, men som mange andre krigsseglarar har latt opplevingane sine liggje gjømt i eige minne.

    Noko veit me derimot om hans historie, og historiane til dei han reiste saman med til Shetland ein dag i oktober, 1941, då skodda låg så tjukk at det var mogeleg å kome seg umerka ut frå Torsvik.

    Dei var ni sambygdingar som tok kutteren «Skjærgard» og sette kursen vestover til Shetland natt til søndag 5. oktober. Ungdomane hadde laurdagskvelden samla seg til dans. Dei hadde lenge snakka om å kome seg til Shetland, og alt gjort eit forsøk med kutteren «Fyrsten». Den fekk motorstopp, og dei måtte avbryte forsøket.

    Ut på kvelden den 4. oktober låg forholda til rette. Dei ni unge mennene i alder frå 19 år til 25 samla seg på båten. Det var to brødrepar om bord, Jakob og Mons Nilsen (Strandheim) og Magnus og Hjalmar Aas, saman med Malvin Andersen, Jakob Nikolaisen, Hans Andreas Andreassen, Mons Olai Antonsen, og Magnus Bertin Antonsen (Solhaug).

    Med seg hadde dei også to motstandsfolk som låg i skjul på Turøy i påvente av nokon som dei kunne flykte landet med. Med «Skjærgard» kom alle seg velberga til Shetland, der dei vart sende vidare til London for å melde seg til aktiv teneste i krigen. Magnus Solhaug mønstra på motortankaren «Katy» som maskingut den 28. oktober. [...]

    «Katy» frakta diesel og bensin frå Amerika til Storbritannia. Magnus var med til  i juni 1942. Etter det mønstret han på minesveiparen og vaktskipet «Brevik», som var ein ombygd kvalbåt eigd av Anders Jahres reiarlag Kosmos. Den sto under kommando av Johan Ewald Haraldsen frå Kragerø. Om hans teneste på «Brevik» har Trygve Thorstensen frå Stathelle skreve at Haraldsen kom om bord som skippar på denne kvalbåten, som før den vart ombygd i Canada og omdøypt til «Brevik», gjekk under namnet «Kos 13».

    Som minesveipar opererte «Brevik» mellom Falmouth og Plymouth i den engelske kanal. Oppdraget var å sveipe og uskadeleggjere magnetiske miner. Om vinteren og i stormfulle periodar var oppdraget å eskortere allierte skip i dette operasjonsområdet. Ei teneste den hadde fram til krigens slutt.

    Magnus snakka lite om det han opplevde under krigen. Det vesle han fortalte ga innsyn i ei teneste der han vart vitne til mange tragiske skjebne. Inntrykk som følgde han resten  av livet, som han heller ville fortrengje enn å fortelje.

    Etter krigen vart Magnus med på båtane som mor hans Allette, saman med tre søsken til mora, var medeigar i. Magnus og brørne måtet tidleg ta ansvar for familien, etter at faren Anton døydde i 1938. Magnus var på båtane i partreiarlaget, som dreiv med frakt av levande fisk i brønnbåtar, i mange år. I seinare år dreiv han med fiske.

    Magnus gifta seg med Herborg og fekk tre søner og ei dotter. Etter eit langt liv etterlet han seg barnebarn og oldebarn. Han minnes som ein stillfarande mann, og ein som gjorde ei viktig teneste for landet.

    Torsvik 13. august, 2017

    Nils Torsvik"

    Sources

    RA/S-3545/G/Gg

    Privat arkiv avgitt til Arkivet freds- og menneskerettighetssenter

    Sjøforsvarets londonarkiv ved marinemuseet i Horten: P.2. kort 273-274.

    RA/RAFA-5156/G/Gb/Gbb/Gbba/L0001

    RA/S-2156/F/Fa/L0003